Målet kans

Om Målet kans

Desse har vore med i prosjektgruppa

Ann Helen B. Eide, styrar i Furuheim barnehage, Tinn Austbygd
Heidi Therese Gollner, styrar i Vesletun barnehage, Atrå
Ole Grov, lærar ved Tinn Voksenopplæringssenter
Helle Luraas Lilleland, elev ved Rjukan videregående skole og aktiv folkemusikkutøvar
Kari Anne Valsø, tidlegare leiar for Atrå i Morgo og primus motor for gruppa «Fokus på tinnmålet»
Per Espeland, bibliotekar ved Rjukan bibliotek
Ragnar Dybdal, fagkonsulent Tinn Museum/Norsk Industriarbeidermuseum
Jenny Fossum Grønn, prosjektleiar for Bygdemellom og «Målet kans»
Per Berntsen har vore leigd inn som webdesignar og har delteke aktivt i prosjektgruppa våren 2016

Litt om dei som har bidrege med artiklar og anna fagleg innhald på nettsida

Per Berntsen er fotograf, kunstnar, grafisk designar og web-designar. Han kjem opphaveleg frå Eggedal i Buskerud, men har budd i Tinn sidan 1997. Som kunstnar har han arbeidd mykje med landskap og industri, og med arkitektur og industri på oppdrag, som t.d. verdsarvsøknaden til Unesco for Rjukan-Notodden.

Unni Boksasp er folkesongar frå Nordmøre, no busett i Tinn. Ho arbeider som musikar på heiltid, både som solokvedar, i ulike ensemble, som pedagog, komponist og folkedansar. Si formelle utdanning har ho frå Kungliga Musikhögskolan i Stockholm og frå Høgskolen i Telemark, avdeling Rauland. I tillegg har ho gått i lære hjå fleire av dei fremste folkesongarane i Skandinavia. Ho vann eliteklassa i vokal folkemusikk – klasse A – både i 2010 og i 2011.

Ragnar Dybdal, Tinn Museum/Norsk Industriarbeidermuseum. Hovudfag ved Universitetet i Oslo 1979. Hovudoppgåve: «Gamalt tinnmål jamført med talemålet i dag». Lektor ved Rjukan videregående skole frå 1984, har arbeidd ved Tinn Museum/Norsk Industriarbeidermuseum frå 2004.

Per Espeland er bibliotekar, og har vore tilsett på Rjukan bibliotek sidan 1986. Han har interesse for lokalhistorie og språklege spørsmål. Si formelle utdanning har han frå Distriktshøgskulen i Bø, Engelsk grunnfag og 3-årig utdanning på Bibliotekhøgskulen i Oslo. Han har site i styret i Tinn Dialekt- og Mållag i ca 15 år og var medlem av skriftstyret for Årbok i Telemark i perioden 2005-2008. Han er med i arbeidsgruppa for Tinn-leksikonet på lokalhistoriewiki.no. Han bur på Øvre Espeland i Atrå.

Aaste Kveseth er journalist i NRK. Ho har hovudfag i Nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo. No for tida er ho vaktsjef i musikkprogrammet «Spillerom» på NRK P2. Ho kjem frå Miland, men bur og arbeider i Oslo der ho er etablert med mann og tre barn. Ho reiser til Tinn for å besøke familie og dei flottaste stadene så ofte som mogleg, men diverre for sjeldan i eit travelt småbarnsliv i byen.

Knut Nyheim kjem frå Rjukan, har budd mange år på Lierskogen i Lier, har arbeidd i NRK-Buskerud. Musikar, komponist, musikkprodusent, teknikar i eige studio sidan 90-talet. Driv Kamerina kulturverksted saman med kona Signe Eira i Hovin i Tinn.