Målet kans

50 stadnamn i Tinn
ved Ragnar Dybdal

Ragnar Dybdal har valt ut 50 stadnamn i Tinn og gjeve forklaring på kva namnet tyder eller kjem av. Om du er interessert i å finne ut meir om stadnamn i Tinn, kan du no søkje i ein nyleg publisert database (2016) med kring 9400 Tinn-namn som namnegranskaren Gunhild Birkeland har samla inn gjennom mange år. Databasen inneheld gps-koordinatar til alle namna, uttale, kven som er informant og når namnet vart registrert. For nokre av namna er det òg gjeve ein forklaring på kva dei tyder. På sida «Gunhild Birkeland» kan du lese meir om Gunhild, arbeidet hennar og den nye stadnamndatabasen.

Litteraturliste
O. Rygh: Norske Gaardnavne VII Bratsberg Amt, Kristiania 1914
Kjell Venås: Norske innsjønamn IV Telemark fylke, Oslo 2002
Norsk Stadnamnleksikon: Red. av Jørn Sandnes og Ola Stemshaug, Oslo 1997

kart
Reisjå Fosso Uverud Hovin Rue Gvæven Skryte Omdalen Slettungdalen Hafoss Tjyru Sjautveit Pobedasvingen Bokko Haukås Skirva Kolbeinsrud Nyland Lauluten Lufsjåen Tessungsjåen Gloppetjønn Øvset Lågerjo Romartjønn Gauset Vålåsjå Kjøndesmess Uriasposten Atrå Gøyst Ulleren Mogan Jåntjønn Sigurdsrud Mæl Rollag Einung Miland Sing-Sing Skriugata Flekkebyen Skinnarbu Møsvatn Skajen Merakknuten Grytefjorden Synken Mår Slettøy

1. Reisjå. Vatn og gard    

Sannsynlegvis tyder namnet «Den raude sjøen». Grunnen i området har nok høgt jerninnhald slik at vatnet får ein svakt raudaktig farge. Sjøen kan også ha fått namnet etter elva som renn ut frå Reisjå og ned til Tinnsjå. Den heiter Raua.

2. Fosso. Gardsnamn    

Det er nokre fossar her, i vassdraget mellom Bjørvatn og Sandvatn. Vasskrafta her blei brukt i den fyrste gruveverksemda i Hovin, på 1600-talet. Namnet går tilbake til dativ fleirtalsform av foss: forsunum.

3. Uverud. Gardsnamn    

Samansett av dyrenamnet ulv og –rud, som tyder rydning. Det kan også vera mannsnamnet Ulv/Ulf + rud som ligg til grunn her. Gardsnamn på –rud er frå middelalderen og fortel om den store folkeauken og nydyrkinga før 1350.

4. Hovin. Bygdenamn og kyrkjesokn    

Den eldste garden i bygda har truleg heitt Hovin, men i dag veit vi ikkje kor den garden låg. Det fyrste leddet er norrønt hof = heidensk tempel sett saman med –vin som tyder naturleg eng, voll. Gardsnamn på –vin er gamle, kanskje frå ca 500 e. Kr.

5. Rue. Gardsnamn    

Bestemt form av rud = rydning. Namnet er å finne i alle kyrkjesokna i Tinn unntatt i Vestfjorddalen. Denne varianten av rud-namn finst berre i Telemark.

6. Gvæven. Gardsnamn    

Ordet her er kvelv: Rundaktig senkning mellom bakkar/haugar/berg.

7. Skryte. Vatn    

Skryte (hankj.) tyder inntørka tre. Det er flate myrar rundt dette vatnet, og både gran og furu får for mykje vatn og døyr. Det er ein god del tørre tre rundt dette vatnet.

8. Omdalen. Gardsnamn    

Fyrsteleddet er treslaget alm (hokjønn). Her var i gamal tid senteret for dei som budde på Hovinheie. Her var det posthus, og her ligg Heie skule.

9. Slettungdalen. Gardsnamn    

Garden ligg der terrenget flatar ut under dei bratte liene ned frå Rivsfjell. Ca. 300 m mot nordvest ligg eit langt vatn som heiter Store Damtjørn. Endinga –ung har knapt blitt brukt til å lage gardsnamn, men finst derimot i namn på vatn og innsjøar, slik som Tessung. Det kan ha vore slik at Slettung i gamal tid var namnet på vatnet. Da garden blei etablert, flytta dei det gamle namnet over til den, og vatnet fekk nytt namn.

10. Hafoss. Vatn    

Langs austsida av vatnet er det ein lang høgdeformasjon med myrar og flat mark på innsida. Denne høgda må ha fått namn etter det norrøne ordet haf (inkjekjønn) = det som hevar seg. To bekker har greidd å få løpet sitt gjennom høgda og fell i fossar ned skråninga mot vatnet. Truleg har fossane hatt namnet ha(v)foss tidlegare. På eit eller anna tidspunkt må fossenamnet ha glidd over til å bli namn på vatnet.

11. Tjyru. Elv    

Renn i vill fart frå Tjyrutjønnan i Rivsfjell i bratt lende ned til Tinnsjå. I Tinn har ordet tjøre (hokjønn) denne uttalen. Det er nærliggande å tenke at det må ha blitt brent tjøre i dette området i gamal tid, kanskje av furu som voks heilt oppunder snaufjellet.

12. Sjautveit. Gardsnamn    

Det fyrste leddet er nokså sikkert ein uttale av Sjø- som er sett saman med –tveit = rydning. Namnet fortel oss at garden ligg nærast sjøen, dvs. ved Tinnsjå.

13. Pobedasvingen. Namn ved vegen    

Sving på bilvegen mellom Atrå og Austbygde. Rundt 1960 var det to bilar like etter kvarandre som køyrde utfor vegen her. Begge bilane var av det russiske bilmerket Pobeda, produsert 1946 – 1958.

14. Bokko. Gardsnamn    

Til grunn for dette namnet ligg den norrøne dativ fleirtalsforma av bakke (hankjønn).

15. Haukås. Gardsnamn    

I det fyrste leddet finn vi fuglenamnet hauk (hankjønn) sett saman med ås.

16. Skirva. Elv    

Elva renn frå Skirvsjåen gjennom Skirvedalen og Hovin til Tinnsjå. I Hovin heiter elva Skjerva. Opphavet til namnet ligg i fjellnemninga skarv (inkjekjønn) som tyder «nake berg der ingenting veks». I dag heiter fjellet Skirveggen, 1381 m, rett vest for Skirvsjåen.

17. Kolbeinsrud. Gardsnamn    

Her finn vi fyrst mannsnamnet Kolbein sett saman med –rud. Namn av denne typen, eit mannsnamn kopla saman med –rud, finn vi svært mange av i Tinn. Fleire dess lenger aust vi kjem i kommunen, f.eks. Gunleiksrud, Brynjulfsrud.

18. Nyland. Gardsnamn    

Gardsnamn med –land som sisteledd er frå vikingtida 800 – 900 e. Kr. eller tidlegare. I dette tilfellet har garden blitt til på 1920-talet, skilt ut frå Olesrud. Nydyrkarane har valt eit tradisjonelt norsk namneledd når dei skulle setja namn på den nye garden.

19. Lauluten. Gardsnamn    

Det fyrste leddet kjem nokså sikkert frå det norrøne ordet hlǫðu (hokjønn), i vår tid løe, låve. Lut er del, part, lut – av ein eigedom.

20. Lufsjåen. Vatn    

Namnet har truleg samanheng med det gamle adjektivet luveleg = blid, fin, likande, det same ordet som vi finn i svensk ljuflig. Namnet på dette store vatnet er altså positivt og rosande: den fine, blide sjøen.

21. Tessungsjåen. Vatn    

Namnet på vatnet har opphavleg vore Tessung, og det er laga til eit gamalt elvenamn Tessa på elva som renn gjennom Tessungdalen og Austbygde til Tinnsjå. Namnet er i slekt med adjektivet tørr, og Tessa har nok vore ei elv som minka raskt når det var lite nedbør. Vi finn same grunntydinga i innsjønamnet Tesse og elvenamnet Tessa i Vågå, Gudbrandsdalen.

22. Gloppetjønn. Vatn    

Gloppe tyder hole, kluft i berg.

23. Øvset. Støl    

Øvset ligg heilt innerst i Breisetdalen, der brattlendet opp mot Hardangervidda byrjar. Det er truleg akkurat dette som er forklaringa på namnet – det er denne stølen som ligg øvst. Uttalen er Øffset. Siste leddet –set er vanleg i stølsnamn og finst også i gardsnamn. Det har samanheng med verbet sitja. Det er mange av denne typen stølsnamn her i dalen. Vi har Liset, Långset og Breiset.

24. Lågerjo. Støl    

Det siste leddet er eit norrønt ord, rjoðr, som tyder glenne, grasslette i skogen. Namnet tyder altså ei lågtliggande opning i skogen. Sør for bygningane på stølen er det eit flatt engstykke som strekkjer seg ut til Mår.

25. Romartjønn. Vatn    

Vatnet har nok fått namnet sitt etter eit gamalt namn på elva som renn ut frå vatnet, Rom eller Roma. Det norrøne verbet roma tyder låte, rope, støye. Da blir det «elva som lagar mykje låt og støy». I dag heiter denne elva Vesleå.

26. Gauset. Bygdenamn, dalføre    

Namnet på dalen der Mår renn, men berre frå Steinsbøle og nedover til omtrent ved Gausetbrue. Gauset var opphavleg namn på ein av dei eldste gardane i dalen, men garden fekk nytt namn da Gauset blei bygdenamnet. Det er sett saman av mannsnamnet Gaute + -set.

27. Vålåsjå. Vatn    

Tydinga er falkesjøen. I norrønt var valr (hankjønn) ordet for dei forskjellige falketypane som lever på Hardangervidda. I samansetting med det andre leddet blir valr til vala (genitiv fleirtal) og i Tinn til vålå-.

28. Kjøndesmess. Namn ved vegen    

Der vegen mot Gauset flatar ut etter den lange stigninga forbi garden Håkåland. Namnet er den normale uttalen i Tinn av den katolske merkedagen Kyndelsmesse, som er 2. februar. Og det er berre å innrømme: Dette namnet er ikkje heilt enkelt å forklare.

29. Uriasposten. Jaktpost    

Jegerpost brukt i elgsjakt av Torsetåsen jaktlag. Å bli plassert på ein uriaspost tyder å få ei utakknemleg og vanskeleg oppgave. Uttrykket stammar frå Det gamle testamentet. Kong David hadde forelska seg i Urias kone, Bathsheba. Kongen sørgde for å få plassert Uria på ein så farleg plass i hæren at han blei drepen i eit slag.

30. Atrå. Bygdenamn og kyrkjesokn    

Namnet er ei skriftform av Åtrå som er sett saman av å = elv og trå = sterkt opptrakka plass. Den dag i dag er dette namnet på det flate jordet ved Håndverksenteret, men det kan også ha vore det gamle namnet på prestegarden. Den fyrste stavkyrkja i Tinn blei bygd her, ein gong mellom 1163 og 1190.

31. Gjøyst. Elv    

Elva renn frå Gjøystdalvatn gjennom Nysetdalen og Gjøystdalbygde til Tinnsjå. Namnet heng saman med verbet gøyse som tyder strøyme fram, sprute. Gjøyst har mange fossar og stor fart, så namnet passar godt.

32. Ulleren. Gardsnamn    

Ei mogeleg tolking av namnet er gudenamnet Ull sett saman med –vin som tyder naturleg eng: Ullarvin. Gardsnamnet er da blant dei eldste i Tinn, ca. 500 e.Kr.

33. Mogan. Områdenamn    

Den flate, furukledde moen frå den innerste enden av Tinnsjå og vest til Atrå Samfunnshus og mot nord til Mårem. Namnet har bestemt form fleirtal: ein mog – mogen – moga – mogan. Allment i norsk heiter det mo (hankjønn), det er berre i Tinn og Rauland vi finn uttalen mog.

34. Jåntjønn. Vatn    

Det fyrste leddet er ein uvanleg uttale av jern (inkjekjønn) som i Tinn normalt er jønn. Namnet fortel om jernproduksjonen i området, ei viktig næring i Tinn i middelalderen og tidlegare.

35. Sigurdsrud. Gardsnamn, dampskipsbrygge og handelsstad    

Garden er truleg rydda i middelalderen, ein av mange gardar i Tinn som har eit personnamn i det fyrste leddet og som endar på –rud. Denne garden gav namn til den brygga som blei endestasjon for dampskipsruta på Tinnsjå. Frå 1870 utvikla det seg eit handelssenter her, med butikk, bank, gjestgiveri, posthus m.m.

36. Mæl. Kyrkjesokn    

Mæl kyrkje ligg på ein solid sandbanke eller sandmel, på norrønt melr (hankjønn). Like ved ligg garden Møly som er dativforma av melr. Stadnamnet Mæl er i nyare tid også blitt brukt på den andre sida av Vestfjorden. Jernbanestasjonen der heiter Mæl stasjon.

37. Rollag. Gardsnamn    

Elva som kjem fossande ned her frå sør, har nok i tidlegare tider hatt namnet Rolla. Det andre leddet, -lag (inkjekjønn), kan tyde fiskestad, ein stad der det var fint å sette ut garn og lett å få god fiskefangst. Så har namnet blitt brukt på dei gardane som ligg nær elva.

38. Einung. Gardsnamn    

Dette namnet kjem frå det norrøne ordet einang (hankjønn) som tyder smal og trong passasje, f.eks. som her mellom elva Måna og berglendet på sørsida av Vestfjorddalen. Andre slike namn i Tinn er Einungbrekke og Einungdalen (ved Rjukan kyrkje). Tydinga høver godt også for desse stadene.

39. Miland. Gardsnamn, skolekrets    

Namnet tyder enkelt og greit garden som ligg i midten. Gardar som endar på –land er oppdyrka på 800- og 900-talet.

40. Sing-Sing. Boligkompleks    

Store murblokkar med boligar i tre etasjar, oppført av Norsk Hydro, fullført i 1917. Bygningane ligg på tvers av dalen og skulle visstnok også tene som ein slags brannmur. Namnet er eit såkalla samanlikningsnamn. Sing Sing var namnet på eit berømt fengsel i staten New York, USA. Stadnamn kan innehalde ein god porsjon humor, og det er nok tilfelle her.

41. Skriugata. Gatenamn    

Denne gata ligg under brattlendet nord for Rjukan sentrum. Skriu (hokjønn) er i Tinn ordet for skred, og det er slett ikkje underleg at gata har fått eit slikt namn. Steinsprang og skred har mange gonger skadd husa her.

42. Flekkebyen. Namn på bydel    

Området frå Fabrikkbrua og vestover til Stallbakken på nordsida av Måna. Norsk Hydro bygde i 1908 mange tomannsboligar i dette området – boligar for arbeidarane. Husa blei måla i mange ulike farger, raude, grøne, blå, kvite… Dette mangfaldet av farger er bakgrunnen for det spesielle namnet.

43.Skinnarbu. Hotell    

Mannen som grunnla hotellet heitte O.H. Skinnarland, så hotellnamnet er laga ut frå etternamnet hans. Skinnarland er ein gard på Møsstrånd. I det fyrste leddet finn vi ein yrkestittel, norrønt skinnari (hankjønn). Det var ein som dreiv med garving av skinn og utførte forskjellig skinnarbeid elles.

44. Møsvatn. Vatn    

Den største innsjøen på Hardangervidda. Folk har ferdast her lenge før vår tidsrekning. Det eldgamle namnet kan ha vore Mernir. Det passar godt til namnet på elva som renn frå Møsvatn til Tinnsjå, som kan ha vore Marna, i dag uttalt Måna. I så fall: Båe namna har utgangspunkt i det norrøne ordet marr som tyder hav. På eit tidspunkt i historia har folk begynt å hekte på etterleddet -vatn, og da har fyrsteleddet etter kvart endra seg frå Mernis- til Mens- til Møns- og til slutt Møs- , altså Møsvatn.

45. Skajen. Nes    

Dette er namnet på ein lang, spiss odde eller nes på austbreidda av Langesjå. Det kjem direkte frå norrønt skagi = odde. Det same namnet finn vi i Skagen i Danmark og dessutan i Skagerak, havstykket mellom Danmark, Sverige og Norge.

46. Merakknuten. Høgde    

I Tinn er merakk det gamle ordet for fjellrev. Norrønt: melr (hankjønn) = sandhaug. Norrønt: rakki (hankjønn) = hund.

47. Grytefjorden. Vatn    

Ordet gryte har samanheng med det norrøne ordet grjot som tyder stein. Det er mange urder og mykje stein rundt vatnet.

48. Synken. Endepunkt bilveg    

Synken ligg ved vestbreidda av Mår. Her er parkeringsplass og brygge for båtruta til Mårbu. Bilvegen forbi Kalhovd og Stegaros endar her. Namnet kjem frå vassdragsutbygginga her i området. Ein synk er ein tunnel som kan føre vatn frå eit regulert vatn vidare nedover i systemet.

49. Mår. Vatn    

Elva som renn frå vatnet og ned til Tinnsjå heiter også Mår. Ei tolking av namnet er at det inneheld det norrøne ordet for hav: marr (hankjønn). Kanskje folk i gamal tid syntes vatnet var så stort at det kunne samanliknast med havet. Vassdraget er opphav til mange namn, f.eks. Mårdalen, Mårem, Måremsrud (gardar), Mårsnos, Mårvik (husmannsplass, dampskipsbrygge, grustak, avfallsplass).

50. Slettøy. Eid    

Den vanlege skrivemåten på kart er Sletteid, og det er fordi det i realiteten er eit eid det er tale om: Eit smalt landstykke mellom to sjøar. Og så er det flatt lende her. I Tinn har ordet eid fått uttalen øy. Bygda Eidfjord i Hardanger heiter i Tinn Øyfjord. Eit anna eksempel er Gravøyn, som er eidet mellom Kilsfjorden og Gjøystdalvatn, på kart oftast Graveide.