Målet kans

Møte med Gunhild Birkeland
ved Aaste Kveseth

I Oslo bur det ei gamal dame. Ho er ung til sinns og kan meir om stadnamn i Tinn enn dei fleste. Les kvifor og høyr historia hennar her.

Våren 1948. Forfattaren Ingeborg Refling Hagen kjem til Tinn Austbygd. Ho les og tolkar eventyr. I forsamlinga sit Gunhild på sytten og eit halvt år med etternamn Lurås. Den unge tinndøljenta blir forbausa og fascinert over det ho høyrer. At eventyra kan lesast på fleire måtar og at dei kan hjelpe ein til å finne seg sjølv. Forfattaren legg merke til jenta. Ho gir henne eit tilbod: «Bli med meg, eg kan lære deg meir!» Gunhild spør foreldra om lov og til råds, og dei svarar «dette er opp til deg».

På berre åtte dagar måtte Gunhild, som var eldst av elleve born, som hadde mista eit år av folkeskula på grunn av krigen, og som hadde søkt seg inn på husmorskule på Rjukan, bestemme seg. At ho blei med Ingeborg Refling Hagen for å «vere jente» hos henne, endra livet hennar.

Kulturlandskap i endring

På den tida var det over 200 000 gardsbruk i drift i Norge. I dag er det under ein fjerdepart att og talet minkar for kvart år som går. Den gang beita geit og kyr på setervollane og heldt kulturlandskapet ope der dei kneip av det karrige graset og anna kratt og kjerr som prøvde å strekke seg mot sola. No har husdyra blitt borte og etterlate seg setrer med præriegrasliknande smyli på vollen og brisk og småskog som kryp innpå buene. «Framtidsbonden» produserer stort, ikkje til sjølvkost på spreidde område på garden og i fjellet.

Men det er ikkje bare dei små bruka som blir borte når ekrer blir slått saman, landskap gror att og folk flytter til sentrale strøk. Borte blir også minna. Kjennskapen til driftsmetodar og kunnskapen om stader som har hatt eigne namn. Slikt som blir kalla manns minne på folkemunne og immateriell kulturarv av UNESCO.

Atrå

Skeie, litt av Hovshus, Tinn prestegard og Lisland i Atrå, ca. 1910 - 20.
Foto: Ole Olsen Bakke / Norsk Industriarbeidermuseum

Historiske dokument frå ei før-litterær tid

Ifølge UNESCO er språk, utøvande kunst, sosiale skikkar, tradisjonelle handverk og ritual døme på immateriell kulturarv. Dette er sårbare ting som er truga mange plassar på grunn av globalisering, konfliktar og vår raskt skiftande livsstil.

Men lenge før UNESCO lagde sin konvensjon om vern av immateriell kulturarv i 2003, så Gunhild Birkeland at svært mange av dei millionar stadnamna som fanst i Norge, var truga. Ein bergingsaksjon var nødvendig for å sikre at dei munnleg overleverte stadnamna ikkje blei borte når folk som bruka dei døydde og landskapet endra seg.

- Gunhild er kunnskapsrik, belest og bereist, og ho viser til fulle at det absolutt ikkje er provinsielt å vera stolt over staden ein er frå og over kulturen og tradisjonen der. (Åse Wetås, direktør i Språkrådet)

Daglegnamn kallar Gunhild desse stadnamna som er mest truga. Det er ikkje namn på store vatn og fjell, som Tinnsjøen og Gaustatoppen, men på stigar og innhegna jorde. På ting i terrenget. Urer og myrer.

Kven hugsar vel kor Leirgrov ligg nå, i ei tid der pipene vert mura av profesjonelle handverkarar og støypen ikkje lenger er blåleire, men vert seld på Byggmakker? Eller kor Kvennhusroe er, i ei tid der mjølet vi kjøper sannsynlegvis kjem frå korn som ikkje er dyrka i Norge eingong?

Leirgrov og Kvennhusroe er to av over 9400 stadnamn som Gunhild Birkeland har registrert i Tinn kommune sidan 1960-talet og fram til nå. Hausten 2015 fylde ho 85 år.

Namna er immaterielle kulturminne som er samfunnets språklege felleseige. Desse er dei delane av språket vårt som i mange tilfelle har den høgaste alderen. Dei er unik språkdokumentasjon (både leksikalsk, morfologisk og som talemålsbelegg) og dei er som gruppe svært veleigna til språkforsking. Stadnamn har også høg verdi for kulturforskinga, fordi namna fortel om korleis folk har sett landskapet rundt seg, kva objekt som har vore viktige nok til å bli løfta fram frå det namnlause bakgrunnslandskapet, kva verdfulle naturførekomstar som har vore på staden og kva kulturaktivitetar som har gått føre seg.
Åse Wetås, direktør i Språkrådet

Oslo, januar 2016

Gunhild Birkeland står i stova si, og ser på permane, bunkane med papir og bøkene ho har henta fram. Rundt henne er det ryddig og reint. Den gråhåra dama har på seg svart skjørt og lilla genser med matchande skjerf over skuldra. Ho har dekt på stovebordet med smurde rundstykke og tinnlefse, som den eine systera har baka.

Norsk Ordbog

Foto: Aaste Kveseth

Ho står ikkje stille lenge om gongen. Med kjappe bein går ho fram og tilbake i leilegheita. Innimellom finn ho fram nye bøker ho treng å vise fram, fordi dei illustrerer noko ho snakkar om. Her er Aasen, seier ho, og dreg forsiktig ut frå bokhylla ei godt bruka grå bok med raud rygg og tittelen «Norsk Ordbog» skriven i gull. Ho har festa teip på ryggen for å halde ho saman. Ivar Aasens ordbok har vore god å ha når ho har skulla sjekke eit namns språklege opphav.

Noko arbeid står att. Ho drøymer om å sjå namna, dei små skattane sine, digitaliserte og tilgjengelege på nett. Ho håpar at namna, som ein gong hadde ein funksjon i dagleglivet til folk, no kan få ein ny funksjon for turfolk og molteplukkarar. At dei kan finne att namna på kartet og orientere seg etter dei når dei er ute på tur.

Starten på stadnamn-innsamlinga var i 1961

Etter nokre år utabygds kom Gunhild Birkeland i 1961 tilbake til Tinn på feltarbeid for å samle inn og skrive ned stadnamn i Austbygde. Ho hadde ikkje førarkort for bil, og tok beina fatt da ho registrerte ekrenamn og slåtteplassar på gardar i heimbygda. Gofa hjelpte til med å vise veg til dei gamle husmannsplassane som ofte låg i ulendt terreng. Ho møtte gamle folk som peikte og ramsa opp alle namna dei kom på rundt seg.

Med stødig løkkeskrift skreiv ho ned alt ho blei fortalt. Dei økonomiske kartverka fanst ikkje på den tida, så ho måtte beskrive kor stadene låg med ord.

Ein liten -j eller –i kan ha stor betyding

Ho søkte særleg etter informantar som snakka konsekvent og gamal tinndialekt, og forsikra seg om at ho fekk med seg rett uttale og bøying av namna. I Oslo 50 år seinare forklarar ho kvifor det var så viktig å skrive rett og eldst mogleg uttale.

Ho hentar ein artikkel ho skreiv på 1990-talet om staulsnamn på –rjo/-ro i Tinn. Det finst mange av dei i kommunen (Årjo, Småroe, Svineroe). Men ho hadde lagt merke til at skrivemåten av dei varierte mykje.

Kvifor sneik det seg inn ein «j» nokre stader og andre stader ikkje, i dei skriftlege kjeldene?

Ho fann ut at det i dei eldste skriftlege kjeldene blei bruka fleire namn med «j» i enn i dei nyare N50-karta. Dei eldste skriftlege kjeldene var seternamnregistret frå 1930-talet og Amtskartet frå 1856. Desse bygde i stor grad på munnlege kjelder.

Birkeland søkte i Aasen si norske ordbok og fann det ho meiner er årsaka: ei ro og eit rjodr. To ulike ord, to ulike tydingar. Ei ro er ei krå, eit hjørne. I landskapet vil det seie ein plass med berg rundt. Eit rjodr er ei glenne eller ei slette. To temmeleg ulike topografiar altså, som tyder på at –rjo/-ro namna i Tinn (og elles i landet) har ulike opphav. Dei eldste munnlege kjeldene skilde mellom opphava. Men i dag er det ikkje godt å skilje dette.

Med slik kunnskap i mente burde det vere greitt å kunne slå fast kva for form som er rett ved å sjå på landskapet rundt. Gunhild Birkeland har sans for dei små detaljane.

Om staulsnamn i Tinn

Alle lyd- og videopptak på denne sida er gjort av Aaste Kveseth.

Norsk Ordbog

Herbjørn Lurås.
Bildet er henta frå Tinndølvisur

Tilbake til 1960-talet og starten på interessa hennar for stadnamn. I to år heldt ho på med hovudoppgåva. Lista med namn blei etter kvart lang. Ca tusen namn hadde ho samla inn da ho i 1964 leverte arbeidet «Stadnamn frå Austbygdi i Tinn» ved Universitetet i Oslo.

Oppgåva inneheldt 1000 namn med dialekt-uttale (lydskrift), folkeleg forklaring, bøying og etymologi (ordhistorie). Ho er handskriven og gir ei viktig innsikt i eldre tiders levesett. Den eldste kjelda hennar, Herbjørn Lurås, var fødd i 1877.

No er Birkeland svært glad for at oppgåva hennar er blitt skriven inn på PC. Anfinn Bernås i Bærum har tatt på seg det store arbeidet med å skrive inn dei mange hundre handskrivne sidene. No manglar bare Gunhilds korrekturlesing før dette blir tilgjengeleg. Den oppgåva skal ho ta fatt på etter at ho har tatt ein grå stær-operasjon. Det blir bra med ei digital utgåve, for folk greier ikkje å lese handskrift lenger, seier ho.

Hovudoppgåve

Hovudoppgåva til Gunhild Birkeland. Foto: Aaste Kvesth

Men kvifor starta ho å samle på stadnamn?

Tidlegare tider trer tydelegare fram for det indre auge når du kan tyde eit stadnamn. Gunhild blar i hovudoppgåva, og stoppar opp ved eit namn. Fådokk, seier ho og analyserer:

- Dokk er eit søkk i lendet. I denne dokka var det ei oppkome eller ei olle. er eit gamalt verb som vi ikkje lenger brukar, men som ein gong betydde å bløyte lin. Altså eit svært presist verb. Dei fådde linet. - Fådokk er plassen der dei bløytte lin(stenglar), konkluderer ho.

Slikt er lett å skjøne når ein får namnet forklart, og det er kanskje mogleg å sjå Fådokk, dersom ein oppsøker plassen i dag. Men dette er ikkje noko vi bomullskledde menneskje automatisk forstår.

Kulturhistorisk viser stadnamnet til meir enn berre ord: Det fortel om ein naturressurs som må ha vore viktig for folka i gamle dagar.

Det finst både Fåbekk og Harpetjønn, som også har med lin å gjere. Og så fanst det vel ein Linåker på mest alle gardar, seier ho og legg vekk hovudoppgåva.

Korleis det starta

Skulebornoppskriftene

På stovebordet ligg også nokre «Spyrjeskjema til innsamling av stadnamn», eller skulebornoppskrifter, som dei og blir kalla, frå Miland.

På 1930-talet blei skulebarn over heile landet oppmoda om å samle inn namn på stadene dei kom frå. Desse skjema, som i eit heilt avsnitt ramsar opp alt barna må hugse på å skrive ned:
Gløym ikkje nokre åkrar og engstykke, slåttemarker, slettor, myrar, vollar og moar, haugar, bakkar, steinar, skogteigar og skogholt osv., er eit verdifullt materiale i dag, sjølv om Birkeland seier at ein del opplysningar av vitskapeleg karakter manglar.

Spyrjeskjema

Trisæåker, les ho opp frå ei oppskrift frå Bergshaugen. - Artig namn, seier ho. - Det va ein åker som dei sådde på tri vendu i året. På Blomhaugen. Tri-sæ-åker. - Den ligg sikkert mot sole!

-Ja, seier eg, som er vaksen opp på nabogarden på Bergshaugen. Blomhaugen ligg vendt mot Gaustatoppen, oppi åsen over Miland-grenda. Hit kjem sola tidleg om våren.

Trisæåker på Blomhaugen

Trisæåker på Blomhaugen ca. 1880 og 2004
Dei to bildene utgjer eit kunstverk frå serien Forandringer av Per Berntsen, utstilt på Norsk Industriarbeidermuseum i 2005.
Til venstre: Knud Knudsen: Utsikt frå Bergshaugen mot Mæl, 1876 -81 (Billedsamlingen, Universitetet i Bergen)
Til høgre: Per Berntsen: Utsikt frå Bergshaugen mot Mæl, 22. september 2004

Kanskje sjølve namnet på garden, Blomhaugen, også har noko med vårsola og grøde å gjere? Eg rekk ikkje spørje. Gunhild har allereie bladd vidare og stoppa opp ved andre namn. Alt ho les opp, plasserer ho på gardar og i terrenget på hugsen. Eg trur at ho veit nøyaktig kor alle dei 9400 stadnamna ho har samla i Tinn ligg.

- Du er frå Berge du? Gardsnummer 112, ikkje sant? Ho har rett.

Når ho litt seinare på dagen sit og «irriterer seg grøn», som ho seier, over feil former på N50-karta, og korleis slurv har gjort at eit namn som Numedalshovda har blitt til «Numedalshøgda» eller Myrefykjån framleis står skrive som «Myrefiken», sjølv om ho har gjort sitt for at det skal bli retta opp, set eg ho på ei lita prøve:

Eg fortel om eit namn i fjellet der familien min har seter, som har vore feilskrive på det økonomiske kartverket. Håråhovde heiter staden, men på kartet står det «Kårehovdnuten».

Kaffikoppen til Gunhild Birkeland klirrar når ho set den ned på skåla, – Nei, gi deg da! - Eg har ikkje forstått det der med Kåre! Eg ha lura såååå på det. Kåre er jo ikkje eit vanleg namn i Tinn!

Ho er tydeleg oppglødd. - Det var ein «aha-opplevels», seier ho og fortel at ho no vil plusse namnet på revisjonslista si. I mange år har ho jobba med å revidere N50-karta.

Om Myrefykjån

Om stadnamn med fit

Eit liv med stadnamn

Etter at hovudoppgåva var levert i 1964, fylgde nokre år med andre sysla for Gunhild Birkeland. Ho gifta seg, og fekk dottera Liv Cecilie i 1970. Mannen ho gifta seg med var geolog, og familien fylgde etter hans arbeid på forskjellige plassar i landet. Men sidan 1980-talet har ho budd i Oslo. Da blei ho tilknytt norsk stadnamnarkiv ved Universitetet der.

Kollegaen hennar, Bottolv Helleland, skriv om henne:
Eit storarbeid som ho har hatt ansvaret for og utført mestedelen av, er det dataførte registeret over namn og grunnord frå hovudoppgåvene i namnegransking. Til saman utgjer det omkring 245 000 oppslag.

Direktøren i Språkrådet, Åse Wetås, fortel i ein epost at dette er ein database som inneheld alle hovudoppgåvene som er skrivne om namnegransking.

Språkdirektøren blei kjend med Birkeland på slutten av 1990-talet og fortel om ein kollega som hadde eit stort hjarte – alltid interessert i kollegaer, studentar og sivilarbeidarar som samla seg rundt kaffibordet på arkivsalen rett ved kontoret hennar kvar dag kl. 12.

- Eg har reist mykje på kart!

Birkeland jobba med stadnamn i heile landet på dagtid, og etter kvart byrja ho arbeidet med å samle inn stadnamn i heile Tinn på kveldstid. Etter at ho gjekk av med pensjon i 2000, har ho berre jobba med namna i Tinn. Framleis utan førarkort og med eit travelt liv i Oslo, blei telefonen, breva og karta hennar viktigaste hjelpemiddel for å jobbe i Tinn.

Sjølv om ho har budd det meste av livet utanfor kommunen, snakkar ho framleis karakteristisk tinndøldialekt. «Nokon» og «dæ» og «e», seier ho. Og «etter gvart». Nokre ord vitnar likevel om at ho har tilpassa seg andre miljø, og særeigne «hått» og «hårr» og «kan» høyrer eg ikkje før me begynner å studere kart over Tinn.

Ho ler litt når eg spør korleis ho oppretta kontakt med folk ho ikkje kjende på telefon. Eg skjønar at ein kjenskleg dialekt har vore «icebreakar» ovanfor mang ein informant som ho har slått på tråden til. Så har brevvekslinga kunna starte. Fram og attende i posten har kart og namnelister gått. Informantane har kartfest namna, men uttalen har fo fått på telefon.

- Det har vore drivkrafta mi å samle alt som lever på folkemunne. - Eg er prisgitt informantane. Eg kjenner jo ikkje området, det er det dei som gjer. Dei fleste plassane har eg aldri vore på. Men du, så mykje som eg har reist på kartet, seier ho.

Men korleis kan det ha seg at jenta som mista eit år på folkeskulen, og som ikkje hadde tenkt tanken om ei akademisk løpebane, no kan sjå tilbake på eit langt liv med namnegransking? Den vegen starta ho å gå den kvelden i 1948, då ho møtte forfattaren Ingeborg Refling Hagen nærast på slump i Tinn.

Om stadnamnet Jenteburoe

Ingeborg Refling Hagen og Fredheim

Det var krig i Norge. I Oslo skreiv forfattaren Ingeborg Refling Hagen i illegale aviser. Ho var med i motstandsrørsla, men blei avslørt og arrestert. For å unngå tortur klarte ho å få tak i difterismitte og påførte seg sjølv sjukdommen. Difteri er ein alvorleg infeksjonssjukdom i nesa og halsen. Han gir blodig snue og i verste tilfelle pustevanskar og kvelingsanfall. Svært sjuk blei ho innestengd på Ullevål sjukehus.

Ei av sjukesøstrene var Helga Bøen frå Tinn. Ho stelte forfattaren varleg og omtenksamt, og dei to kvinnene blei vener. I fangenskapet lova Refling Hagen seg sjølv at dersom ho kom levande ut av dette, skulle ho bruke all si tid på å oppdra unge menneske. Ho ville ta dei til seg og lese for dei og sørgje for at dei skulle få grundig skolering. Dei skulle få danning gjennom kjennskap til verdslitteraturen og eventyra. Slik kunne ein hindre at nazismen nokon sinne skulle komme tilbake.

Etter krigens slutt jobba Gunhild som barnepassar for eit par tvillingar som Helga Bøen var tante til. Ein kveld var det fest i huset, og Ingeborg Refling Hagen var på besøk for å sjå att si gamle venninne. Forfattaren la merke til den unge jenta som lydde så godt til eventyra ho las, og hugsa løftet sitt. Åtte dagar seinare hadde Gunhild flytta heimefrå og inn til forfattaren i heimen hennar Fredheim utanfor Stange i Hedmark.

Studietida

Moltetur

Gunhild lengst til venstre. Foto: Privat

Gunhild Birkeland med søsken og foreldre

Gunhild er nummer to fra venstre, bakerst.
Foto: Lasse Jacobsen, Rjukan

Etter eit år som «jente» hos forfattaren, med arbeidsoppgåver i hus og fjøs om dagen, og undervisning om kvelden, fekk Gunhild byrje på realskulen på Hamar Katedralskole. Det var hardt arbeid frå tidleg morgon i geitefjøset til seine kvelden med vanskelege engelsklekser og andre fag. Fem år seinare, etter å ha tatt artium på latinlinja, bar det vidare til studiar ved Universitetet i Oslo.

- Det va språk, språk, språk, seier ho og fortel korleis ho vart fascinert av kasussystema.

Med interesse for kasussystem, var det ikkje rart at ho også fatta interesse for det gamalnorske språket med tydelege kasus og dialektane som hadde tatt vare på mykje av kasusbøyinga. Da ho nokre år seinare skulle skrive hovudoppgåve, var det naturleg å legge tinndialekten under lupa.

På veggene i leilegheita på Bjølsen i Oslo, heng det bilete av ein talrik familie og Tinnfjell. Søstrene Lurås på Cappelenhytta ved Kilsfjorden smiler mot fotografen, der dei sit med eit tosifra tal spann, breddfulle av oransje, modne molter føre seg. På eit anna bilete sit mor og far Lurås omgitt av ni døtrer og to søner. Alle kvinnene har tinnbunad med rosesaum sydd av ei «gome» i familien.

Olai Skulerud

Eg kan jo vise deg…, seier ho og går fort ut i det kombinerte gjesterommet og arbeidsrommet i leilegheita. Eg høyrer romstering, og etter ei lita stund kjem ho tilbake med ein arkivskuff.
- Me har jo skuff på skuff på skuff med slike samlinga på universitetet. Dette er Olai Skulerud!

Ho peker på den lange, smale skuffen, som om det var ein mann som satt der. Skuffen med namn Olai Skulerud har små pappkort oppi. Det er eit arkiv over alle stadnamna i Skuleruds skrifter. Systematisk organisert med gule skiljeark.

Norsk Ordbog

Foto: Aaste Kveseth

Det er ikkje register, veit du. Eg streva jo livet av meg for å finne fram til det eg skulle her!

Språkforskaren Olai Skulerud hadde fleire lange opphald i kommunen på byrjinga av 1900-tallet. Han sykla innom fleire gardar i Austbygde, Atrå og Mæl sokn. I Vestfjorddalen møtte han spelemannen Knut Dahle. Han fekk høyre felespel av historisk format, men var nok mest interessert i korleis spelemannen snakka.

Knut Dahle blei Skuleruds viktigaste kjelde og informant, og Skulerud etterlet seg den største studien av ein dialekt i Norge nokon sinne. I 1922 kom eit bind om lydlæra i Tinndialekten ut, og i 1938 eit til.

Dei to binda om «Tinnsmålet» ligg allereie framme på stovebordet. Som mange av dei andre viktige bøkene ho nemner opp, er også desse to slitte og godt bruka.

Olai Skulerud gjorde ein stor innsamlingsjobb og dokumenterte Tinnmålet grundig. Men mykje av ryddearbeidet har han overlate til ettertida.

- Der ha vi gjort eit storarbeid altså, seier Gunhild, og fortel at ein sivilarbeidar på Norsk Stadnamnarkiv hadde laga eit register av stadnamna, og at ho sjølv har bruka mykje tid på å å kartfeste desse namna med hjelp frå informantar. Det hadde Skulerud nemleg ikkje gjort sjølv.

Skuffen ho viser fram med pappkort er kopiar av dette registeret. Originalen står på universitetet.

- Denne er gull verdt. Den ber eg ned av og til, nå tok eg'n ned for den anledninga her. Her skal du sjå, her står det. Ho begynner å ramse opp stadnamna til Skulerud, og seier han har forklaring på all verden.

Men det var Tinndialekten ho ville forske på

– Eg ante jo ikkje at det va ein som hadde skrivi to bindsterke bøka om ... ho stoppar - og da eg såg det… Eg måtte jo berre skrinlegge den tanken da.

Blei du skuffa?
-Nei, eg blei jo ikkje skuffa, eg blei jo veldig glad! Eg kikka på denne boka her og skjønte at den var veldig, veldig god. Eg ville aldri greie å skrive noko slikt. Så da blei eg eigentleg berre glad!

Så tenkte eg: Kva ska e skrive om da? Og så blei tankane pensa inn på dette her med stadnamn. Eg har jo vakse opp på ein gard og kjente litegrann til stadnamn. Og etter kvart så tenkte eg «ja, håffe ikkje».

No er dei fleste av desse eldste heimelsmennene døde, og namneskatten ville ha gått i grava med dei, dersom ikkje denne bergingsaksjonen hadde vore gjort. Eg såg etterkvart at det hasta svært med å ta vare på denne munnlege tradisjonen, og har difor prioritert dette arbeidet
(Gunhilds handskrivne memoarar frå 2012, side 3)

Moltetur

Gunhild ved barndomsheimen i Luråsgrende i 1990. Foto: Privat

Om gjeting i barndommen

Kva no med dei 9400 namna?

Norsk Ordbog

Gunhild og svigersonen. Foto: Privat

Namneskatten som Gunhild har grave fram for oss, skal ikkje hamne i ei kiste. Det sørgjer fleire eldsjeler for. Svigersonen Alexander Tøndel og Tinn kommunes Svein Olav Hagen har begge brukt fritida si på å få GPS-koordinatfesta alle namna ho har registrert. Lure historielag har skaffa finansiering til prosjektet. I april 2016 kunne dei vise ein foreløpig versjon for publikum. Med dette ser det ut til at draumen til Gunhild har gått i oppfylling. Ho får no sjå at alle namna er GPS-koordinatfesta og tilgjengelege på nett. På kvart namn er det lagt inn lydskrift, kven som er informant og når det er registrert. For nokre av namna er det òg gjeve ei forklaring på kva dei tyder. Adressa til denne nettsida er http://tinn-kommune.com/Stadnamn/Namn.html

Dette er eit arbeid av stor kulturhistorisk verdi, seier Thomas Lurås i historielaget.

Så om du skal på bærtur i Tinnfjella, og finn mykje bær, kan du no forklare nøyaktig kor du fann bæra. Det finns alltid eit stadnamn du kan relatere deg til. Men er du lur, fortel du ikkje til nokon om gode moltemyrer…

Kjelder

Birkeland og Harsson: «Oversyn over stadnamntilfang frå 10 austlandsfylke». Artikkel i Institutt for namnegransking si årsmelding 1984 (Universitetet i Oslo, 1985)

Birkeland: «Stølsnamn på –rjo/-ro i Tinn». Artikkel i Avdeling for namnegransking si årsmelding 1996 (Universitetet i Oslo, 1997)

Helleland: «To namnepensjonistar ser seg attende». Artikkel i Seksjon for namnegransking si årsmelding 2000 (Universitetet i Oslo, 2001)

Skulerud: «Tinnsmaalet : ei utgreiding um ljod- og formverket i maalføret i Tinn i Nord-Aust-Telemark under jamføring med andre norske og andre nordiske maal, med maalprøvor og ei ordliste. 1: Ljodlære Kap. 1, 2, 3 og 4A». Halle A S Max Niemeyer verlag, 1922

Skulerud: «Tinnsmaalet : ei utgreiding um ljod- og formverket i maalføret i Tinn i Nord-Aust-Telemark under jamføring med andre norske og andre nordiske maal, med maalprøvor og ei ordliste. 2: Ljodlære». Halle A S Max Niemeyer verlag, 1938

Private memoarar og ikkje utgitt materiale av Gunhild Birkeland

Nettstader:
Statistisk sentralbyrå Lokalhistoriewiki – om Olai Skulerud Allkunne om Olai Skulerud Wikipedia – om Ingeborg Refling Hagen Unesco.no